Hopp til hovedinnhold

Læreplan i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1. Om faget

1.1 Fagrelevans og sentrale verdiar

Læreplan i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar er ei forskrift til lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova) og skal brukast i opplæring for deltakarar med rett og plikt eller plikt til opplæring i samfunnskunnskap etter denne lova. Formålet med integreringslova er at innvandrarar tidleg blir integrerte i det norske samfunnet og blir økonomisk sjølvstendige. Lova skal bidra til at innvandrarar får gode norskkunnskapar, kunnskap om norsk samfunnsliv, formelle kvalifikasjonar og ei varig tilknyting til arbeidslivet. Rett og plikt til opplæring i samfunnskunnskap er regulert i integreringslova og i forskrift til integreringsloven (integreringsforskrifta).

Faget samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar skal saman med norskfaget gjere vaksne innvandrarar best mogleg rusta for kvardagsliv, utdanning og arbeidsliv. I møtet deira med eit nytt land er formålet med samfunnskunnskapsfaget å bidra med nødvendig kunnskap om det nye samfunnet dei skal vere ein del av, og på den måten bidra til å skape ei felles referanseramme.

Samfunnskunnskapsfaget skal bidra til å bygge opp under haldningar og verdiar som toleranse, likeverd og respekt. Faget skal fremme kompetanse i samfunnskritisk tenking og digital dømmekraft. Slik skal det vere med på å styrke forståinga for korleis dei kan være aktivt deltakande og kritisk tenkande medborgarar i det norske samfunnet, og korleis dei kan påverke sitt eige liv og si eiga framtid. Opplæringa i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar skal gjennomførast på morsmålet til deltakaren eller på eit språk deltakaren forstår. Kompetansen og erfaringane dei har med seg, ulik kulturell bakgrunn og fleirspråklege ressursar skal anerkjennast og danne grunnlag for vidare læring.

1.2 Rammer for opplæringa

Opplæringa skal gjennomførast på eit språk deltakaren forstår, og innan eitt år etter at retten og plikta eller plikta tok til å gjelde.